top of page

Å innrede rom inne i eit stålkammer byr på andre utfordringar enn i eit trehus.

  • Forfatterens bilde: t-ofoelg
    t-ofoelg
  • 17. juni 2024
  • 1 min lesing

I mai månad er det meste av isolasjon og kledning med panel langs skutesidene utført. Etter råd frå Riksantikvaren blei isolsjonsmattene lagt slik at dei ikkje ligg direkte mot stålet. Bileta viser best korleis det blei gjort. (Bileta tekne av Morten Hesthammer, Hardanger Fartøyvernsenter)


Ved kneplatene (trekanta stålplater som bind saman spant og dekksbjelkar) må det litt ekstra triks til, Erik får det til.


Her ser me spikerslag med fullt av hakk for å få til å bøya dei etter forma på spantet.


Litt makt må til for å få det til å passe.


Litt akrobatikk for å nå heilt oppunder dekk der det skal lagast luftespalter.


Spikerslag og utforing for luftespalter er på plass.


Skutesidene er isolerte, og papp er lagt på innsida av spanta. Den vesle "hytta" i bakgrunnen er huset for styremaskinen.


Her er Emilie i full sving med panelet.


Også skottet mellom salongen og maskinrommet blir kledd med panel.



Nå gjenstår berre romdelinga.



 
 
 

Siste innlegg

Se alle
Kontingent for 2025

Har du gløymt kontingenten for dette året? Det blei sendt ut e-post ca 16 mars med alle opplysningar som trengs. Du kan velgja om du vil...

 
 
 
Rapport mars 2025

Ikkje så mykje nytt denne gongen, mest ferdiggjering av det tidlegare påbegynte. Men arbeidet på salongdekket er nå komme i gang, og...

 
 
 

コメント


  • facebook

©2018 by Andelslaget M/S Jøsenfjord. Proudly created with Wix.com

bottom of page