top of page
Søk
  • t-ofoelg

Månedsrappoert oktober 22

Oppdatert: 7. des. 2022


Tildekkinga av båten har fått litt medfart etter regn og storm ganske lenge. Ny tildekking er bestilt.


I oktober har dei gjort seg ferdige med stålet under dekket i salongen oppe. Nå skal det sandblåsast og malast før nytt dekk blir lagt. Fronten av salongen stikk litt framfor byssa og billettkontoret.

Her er det bytta ut dei langsgåande kneplatene som støttar opp under salongområdet i tillegg til deler av to dekksbjelkar som viste seg å vera dårlegare enn ein trudde.

Ståldekket der livbåtane sto er skifta, og det baud som vanleg på meir arbeid enn det ein først trudde var nødvendig.


Luftrøyra gir lufting til nedre salong akter. Oppå dei stod det "snurrebasse" vifter. Den eine ligg sannsynlegvis på botnen der båten låg i Sandangervågen. Han sto nok litt laust då det storma som verst ein gong. Den andre var borte då båten kom frå Nederland.



Den gamle dreneringa var delvis frossen sund og vekkrusta. Me laga ei provisorisk av plast takrennerøyr, men dei fraus også. Nå ser det betre ut med røyr av stål.


Denne månaden har det vore opprydding i restarbeidet før sandblåsing. Restane av botnventilane er løsna og ligg under båten. Dei gamle botnventilane er funne fram, men må kontrollerast før montering. Det manglar ei rist til flensen i skroget som må lagast ny.

Dei fleste av dei små rester av stilasfestene osv er slipt bort, men ein del er framleis i bruk og må tas seinare.

Rekkverket på bakkdekket er avslutta. Det gjenstår å lage auger for montering av portar, og portane må lagast seinare.

I nedgangskappa til lugarområdet i baugen var det mange elektriske komponenter som måtte demonterast før sandblåsing.

Gamle anoder er kappa vekk, og det er klargjort for montering av nye anoder, men det må litt meir sveising til fortsatt.

Roret er reparert og manglar berre å hengast opp og kansje fraktast til Andøya for sandblåsing og maling.

Skott #31er er bygd opp igjen etter avklaring fra RA.

Skott #26, framre maskinromsskott er nå sett saman og klargjort for maling. Dette kan nå boltast på plass for slep til neste hamn. Klinking kan skje på eit seinare tidspunkt når alt utstyret i maskinrommet er komme på plass.

I akterskipet blei det oppdaga ein dårleg dikekant mellom to plater i A-gangen, og dette er nå reparert ved sveis.

I skansen på bildekket mangla det nokre aluminiumsnaglar frå tidlegare. Dei er nå klinka på plass.

Det står framleis att ein del opprydding og klargjering med støvsuging og rydding av verktøy og utstyr før sandblåsing.



59 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page