Søk
  • t-ofoelg

Månedsrapport desember 2021

(Utdrag)

I desember blei det "mannet ned" igjen. Det har blitt gjort arbeid med å fullføre maskincasingen og ein del sveising på stivere og stål i salongen.

Gjenståande tilskot pr 31/12 er 21 462,- kroner. Vi fortsetter inn i 2022 med førehandstilsagnet på 1 million som gjer at me fortset med relativt låg bemanning, 2-3 mann.

Arbeidet har fortsatt med innsveising av stivere og kneplater mot dekksbjelkar. Viare arbeid blir i å fullføre stivere og dekksbjelkar spesielt i området rundt maskinromcasingen og fundament for skorsteinen.

Det er også ein langsgånde vinkel som skal skiftast. Denne har i tillegg eit halvrundt jern som skal sveisast på som ein profil. Denne vil ligge rett i overkant av vindusrekka.

Me er komne til jobbkort 133: Maskincasing og rørsystem i salongområdet. Stålet er stort sett ferdig prefabrikkert og det er gjort klar for å klinke den saman om bord. Dette er den nedre delen i salongområdet. Deretter må røyr o.a. monterast tilbake over.

Det må vurderast om ferdigsttilling av ventilasjon og eksosrøyr skal utsettast til skorsteinen er på plass igjen.







45 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle