(Utdrag )Denne månaden er det arbeidd på maskinen maskincasing røyrsystemer i salongområdet, Akterskipet styrbord og babord med skifte av sveiste hudplater. Månaden har gått med til å jobbe i salongen.
Då eit anna fartøy forlet Bredalsholmen den 7. november, var det muleg å bemanna betre på Jøsenfjord. Det har skjedd mykje i salongområdet der dei fleste dekksbjelkar og vinkelspant nå er montert.
Skorsteinen er løfta på land, og fundamentet for casingen over maskinrommet er reparert. Det blir nå arbeidd med sjølve casingen. Vinkelspant, kneplater og dekksbjelkar er laga og montert. Som venta var dette litt av eit puslespel for å få det til å passa både med springet i båten samtidig som ein oppnår rett bjelkebukt på dekksbjelkane. Sidan det gamle stålet i områdeti stor grad er rusta vekk, har der vore lite å sjå etter.
Det er brukt 745 timar på framdriftsgivande arbeid denne månaden.
Gjenstående tilskudd pr 1/12 er 357 007,-. Varekostnaden i november hoppa kraftig i veret då dei nå er ferdige med forhåndsbetalt leie av stilastaket, og dette kjem på toppen av utført arbeid.
Alle spantene og dei fleste dekksbjelkene er montert og sveist på plass. rundt skorsteinen/maskincasingen står litt igjen før dekksbjelkane kan gjerast heilt ferdige. Arbeidet med vinkelspantene er godt i gang. Ståldeler blir pre-fabrikkert i hallen før dei blir montert og justert på plass saman med dekksbjelkane etter kvart dei blir ferdige. Dekksbjelkane har blitt varma opp i den nye spanteomnen og bøyd på spanteplanet. Det har blitt nokre rundar med prøvemontering og justerring av høgder og bøy i bjelkane før vi har funne det endelege resultatet. Det var lite å gå etter frå det gamle stålet i salongen då det stort sett var rusta vekk og komme ut av posisjon. Der det var muleg har me beholdt midre del av dekksbjelkane og skjøtt inn stål ut mot skutesida. Vidare skal vinkel og halvsirkelprofilen som ligg langs skutesida skiftast ut , og enkelte dekksbjelkar avsluttast mot vasing. Kva side skal også monterast saman med aluminumsfronten når den er ferdig.
Maskincasing og røysystem i salongområdet: Denne jobben har vist seg å bli annleis en parere fundamentet for for casingen, som altså er under tredkket i salongen. Dette vaar tenkt å sjå på når tredkket var fjerna, men det var hensiktsmessig å utbetra dette nå før casingen skulle moterast over.
Senter av bjelke 19 og 23, som går under maskincasingen er skifta ut. og vinkelstålet er skifta ut og reparert.
Akter på begge sider er sveiste hudplater skifta, og rørstussene ved lysventilene er fiksa i tillegg til nokre isveiste groper som måtte tast.






Comentários