top of page
Søk
  • Forfatterens bildet-ofoelg

Blir det stans i arbeidet?



M/S Jøsenfjord, 135 år gammal, og under restaurering i Kristiansand. Men nå ser det ut til at prosjektet stansar opp.

Frå Riksantikvaren fekk me dette året berre halvparten av det som trongst for å halda arbeidet i gong heile året. Me fekk løyve på 2 millionar som forskot i fjor for dette året, og så fekk me 1,6 millionar nå for dette året. Dette er nok til arbeid fram til våren/sommaren, men så må me bruka 640 000 for å tetta skipet midlertidig for å ta det ut av dokken slik at verkstaden kan ta inn andre oppdrag for resten av året, (riving av stillas og takoverbygg, rydding og få om bord ballast, ny overdekking sidan alle dekk er fjerna – også livbåtdekket). Og sikkert like mykje for å ta det inn igjen. I tillegg kjem opplagsleige og tilsyn over vinteren. Slik må me bruka dei 1,6 millionane til inga nytte for framdrift av restaureringa, og dette er vel feil bruk av pengar?

Til neste år har me fått førehandsløfte om ein million. Dette ser ikkje lyst ut. Styret jobbar med å finna løysing, og klage på tildelinga er sendt. Subsidiert søkes det om større førehandstilsagn for 2022 slik at arbeidet kan halda fram uten utdokking.

133 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page