top of page
Søk

Snart klar for utdokking

  • Forfatterens bilde: t-ofoelg
    t-ofoelg
  • 31. mai 2023
  • 1 min lesing

Tysdag 23. mai kom me ned til Bredalsholmen for å sjå stålarbeid ferdig, og førebuing til utdokking som skulle skje 24. mai. To andre båtar måtte også gjerast klar til u kunna flyta. Det var ein god del rydding og klargjering som måtte til før sjøen kunne sleppast inn.


Her har dei rydda og er klar til å sleppa sjøen inn. Folgefonn i bakgrunnen viste seg ikkje ganske klar for det våte endå. Først var det slagside, og etterpå fann dei lekkasje i ein gammal sveis, dette måtte ordnast før dokken kunne fyllast.


Endeleg. Men dei ventar eit døgn inne i dokken før dei tauar han ut i det fri.

(I forgrunnen den gamle dokkporten som ikkje er i bruk lenger.)



Her er Jøsenfjord fri og ligg ved kaien utanfor dokken. I bakrunnen ser me Hestmanden, Til høgre ser me akterenden av Hamen.

Nå ventar me berre på å få slep til Stavanger. Den avtalen me hadde med ein båt gjekk i vasken p.g.a forseinking med arbeidet på ei lekter, Håpet er å få båten heim i løpet av dei første to vekene.


 
 
 

Siste innlegg

Se alle

Kommentare


  • facebook

©2018 by Andelslaget M/S Jøsenfjord. Proudly created with Wix.com

bottom of page