Sommaren 2025
- t-ofoelg
- 31. aug.
- 2 min lesing
Etter ein del fram og tilbake og litt for kort tid til å få alle formalitetar på plass, måtte me avslutta planen om å få Jøsenfjord slept til Fjordsteam i Stavanger i sommar. Det sto ikkje på verkstedet på Fartøyvernsenteret, dei gjorde forberedningar klare, og me fekk rydda båten, så noko nyttig kom det likevel ut av det.
Saksar frå månedsrapporten for feriemånadane juni/juli:
Vinduene i salongen er lysventiler/koøyer montert for å hindre sjøsprøyt under slepet til Stavanger. Nye glas er komne og skal erstatte dei som er knuste.



Lakkering og montering av dører Døra ned til mannskapslugarane og døra inn til salongen på hoveddekket (Årdalstova) blei lakka og isette. Og den vesle trappa og rekkverket frå bildekket og ned til gangen på hoveddekket er montert.

Sveising og klinking. Riksantikvaren kravde at dekket måtte vera gjennomgåande slik det var før, Derfor måtte ein skjera ut stålet nederst og sveisa det i igjen etter at dekket var lagt.



Vidare arbeid.
Nå står arbeidet med å legge brudekket/båtdekket. Her ligg stablar med oregon pine som skal høvlast til rett dimensjon dekksplank, og frese nat og drevstopp i dei.

Kommentarer