top of page
Søk
  • Forfatterens bildet-ofoelg

Styret på befaring og prosjektmøte i Kristiansand 4. mai 2022

Oppdatert: 20. mai 2022


Hjelm er påbudt ved besøk på anlegget

Mykje nytt stål, så nå kan me ha båten i 100 år til.


Ikkje lett å kjenna seg igjen når heile kledninge på overbygget er borte, og støtter og stilas står overalt. Her er utsikt frå bildekket og forover. Trappa opp til salongen er på plass




Ned til lasterommet. Dei runde vindua er byssa og billettkontoret. Opninga bak Torstein er døra inn til salongen på hoveddekket.


Fram under bakken. Kjetil på veg ned i mannskapsavdelinga. Vidar har overblikket, Cato ryggsekk.


Styrbord side i maskinrommet. I nedre kant av bildet ser me "spettet" me tørnar motoren med manuelt.


Babord side i maskinrommet. Lydpottene er demontert og opningane tetta med lemmer.


Trustlager og flensen for sammenføyning med propellakselen som er demontert og levert til Jørpeland for fornying.


Ryddig forut under bakken. Leideren heilt framme er ein midlertidig oppgang. Trappa til venstre er den som høyrer til i gangen og går opp til bildekket.


Skorsteinen tatt på land for fornying. Den blå stripa skal vere breiare, men båten kom frå Holland med berre den kvite stripa, tidsnød og latskap(?) før avgang til Stavanger gjorde at eg ikkje såg syn på å utvide det kvite feltet for å gi plass til heile det blåe feltet og berre malte dei raude stripene inn til det kvite.


Det går mot ferdiggjering av stålarbeidet på Bredalsholmen.

Heile styret, Lars Randa, Geir Engelsgjerd, Torstein Randa, Cato Andre Jensen, Vidar Hauge, Ketil Barkve og Tor Olav Følgesvold, vidare var Arne Stray frå sjøfartsdirektoratet og Håkon Danielsen frå Bragdøya Kystlag og Kjartan Nordby frå Bredlalsholmen med på befaring og hyggeleg prosjektmøte på Bredalsholmen 4/5 - 22

Det siste som dukka opp var at båtdekket, den delen som er aktenfor salongen over bildekket, må skiftast. Med på møtet var båtbygger som skal leggja og driva salongdekket. Me vil prøva å få teak nok (gjenbruk) til å dekka korridorane under salongen. Men i salongen der det skal leggjast linoleum oppå kan me bruka furu.

Ein del spørsmål er ikkje avklart ennå, t.d. kva krav som blir gjeldande for brannisolasjon i maskinrommet, skal mastene sertifiserast? og kva vil det kosta, Tilbud på sandblåsing og maling er ikkje komme enno. + ein del andre "småting" som me alle veit tar tid.


161 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page