top of page

Tur til Bredalsholmen, Kristiansand

  • Web admin Jøsenfjord
  • 12. aug. 2019
  • 1 min lesing

Oppdatert: 15. des. 2019

Jøsenfjord ligg lengst inne (Foto: Bredalsholmen)

Me prøver å få til ein tur til Kristiansand.


Mange lurer på kvar båten er blitt av. Dei har ikkje sett noko til han i det siste. Og det er ikkje så rart, for han ligg i tørrdokken på Bredalsholmen i Kristainsand ennå. Der har dei jobba seg bakover frå baug til maskinrom med skifting av plater i skroget samt ein del dekksbjelkar m.m.

Me satsar på ei helg i månadaskiftet august/september med avreise frå Stavanger fredag og heim igjen på laurdag. Då har me sjanse til å få omvising på verftet i tillegg til Jøsenfjord. Me håpar på overnatting i lugarar på Gamle Oksøy der me også kan stelle med maten sjølv. Alternativ er hotell.

Blir me mange nok, kan me leiga buss. Elles blir det å fylla opp privatbilar.

Dette er foreløpig påmelding. Endeleg innbyding og påmelding i juli/august.

Er du interessert så send melding til post@josenfjord.no eller tlf til Lars 93426622. Eller til Tor Olav 95825166. (Dei som allereie har meldt seg, treng ikkje gi melding på nytt).

Commentaires


  • facebook

©2018 by Andelslaget M/S Jøsenfjord. Proudly created with Wix.com

bottom of page