top of page

Å innrede rom inne i eit stålkammer byr på andre utfordringar enn i eit trehus.

  • Forfatterens bilde: t-ofoelg
    t-ofoelg
  • 17. juni 2024
  • 1 min lesing

I mai månad er det meste av isolasjon og kledning med panel langs skutesidene utført. Etter råd frå Riksantikvaren blei isolsjonsmattene lagt slik at dei ikkje ligg direkte mot stålet. Bileta viser best korleis det blei gjort. (Bileta tekne av Morten Hesthammer, Hardanger Fartøyvernsenter)


ree

Ved kneplatene (trekanta stålplater som bind saman spant og dekksbjelkar) må det litt ekstra triks til, Erik får det til.


ree

Her ser me spikerslag med fullt av hakk for å få til å bøya dei etter forma på spantet.


ree

Litt makt må til for å få det til å passe.


ree

Litt akrobatikk for å nå heilt oppunder dekk der det skal lagast luftespalter.


ree

Spikerslag og utforing for luftespalter er på plass.


ree

Skutesidene er isolerte, og papp er lagt på innsida av spanta. Den vesle "hytta" i bakgrunnen er huset for styremaskinen.


ree

Her er Emilie i full sving med panelet.


ree

Også skottet mellom salongen og maskinrommet blir kledd med panel.



ree

Nå gjenstår berre romdelinga.



 
 
 

Kommentarer


  • facebook

©2018 by Andelslaget M/S Jøsenfjord. Proudly created with Wix.com

bottom of page